Ledig stilling

Aktiva Økonomiservice AS er eit rekneskapskontor som utfører tenester for næringslivet.
Dette omfattar alle grunnleggande rekneskapstenester, økonomisk rådgjeving, samt andre økonomiske
og administrative tenester som er naturlege for eit rekneskapskontor.
Kundane våre består av nær 300 firma, der dei fleste er lokalisert i Sunnhordland, og desse dekker
dei fleste bransjar. Me er 16 medarbeidarar med arbeidsplass i Kunnskapshuset på Leirvik, og selskapet
er eit Autorisert Rekneskapførarselskap og medlem i NARF.
Me tilbyr onlinetenester til våre kundar, og me har pr i dag 160 brukarar på vårt serveranlegg. Kundane
jobbar i vårt varierte utval av programvare: Timeregistreringssytem, CRM, Fakturering, Rekneskap,
elektronisk bilagsregistrering, med meir.

Me søker:

IT - Konsulent

Me ynskjer å tilsetja ein ny medarbeidar til vår IT-avdeling.
Ynskte kvalifikasjonar:
  • Systematisk og nøyaktig
  • Sjølvstendig med vilje til ansvar
  • Resultatorientert
  • Samarbeidsvilleg og serviceinnstilt
  • Kompetanse innan felt som VMWare, SQL, konfigurasjon/feilsøking Windows Server.

Me tilbyr:

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Vidareutvikling
  • Eit godt sosialt miljø
  • Gode løns- og pensjonsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid, heimekontor

For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med leder IKT Anders Tveita, tlf 404 01 527,
epost anders.tveita(a)aktiva.no.

Søknad med CV bes sendt snarast, innan 1. februar 2012 til mailadresse ovanfor, eller pr
post til: Postboks 409, 5403 STORD.
Søknad på mail vert foretrukke.

Aktiva Økonomiservice AS
Tlf: 53 45 63 00
Fax: 53 45 63 01
Postadresse:
Postboks 409, 5403 Stord
Besøksadresse:
Sæ 134, 5417 Stord
Kunne ikke lese RSS